Vangstun gard er det gamle og opprinnelege namnet på garden, som mest har vore kjent som Hopperstad-garden på Vangsnes, etter at Ole Jonsen Hopperstad flytta til Vangsnes frå Hopperstad i Vik i 1859, og gifta seg med odelsjenta Ingeborg Sveinsdotter Dyrdal.

Fram til 1970-talet vart garden drive som ein tradisjonell vestlandsgard, med frukt og bær, mjelkeproduksjon og sau. Det var og på det meste 3 hestar på garden. 

Frå 1960-talet vart sauehaldet avvikla, og på slutten av 70-talet vart alt dyrehald på garden avvikla.

Det har sidan vore allsidig produksjon av epler, pærer, kålrot, poteter, bringebær og jordbær.

I dag er det hovudsakleg produksjon av jordbær og bringebær, og litt småskala produksjon av bjørnebær, epler og plommer.

15

15 Gardsprodukt

 

Vi har i øyeblikket 15 forskjellige produkt under utvikling, basert på råvarer frå eigen produksjon på Vangstun gard. Hovudsakleg saft og syltetøy i forskjellige smakskombinasjonar.

Produkta vil du finne i vårt gardsutsal som vi planlegg å starte i 2025, i vår nettbutikk og i utvalde butikkar på Vestlandet.

15

15 Sesongarbeidarar

 

På Vangstun gard vil det i sesongen være om lag 15 tilsette, frå Polen og Thailand.

Nokre kjem tidleg på våren, og deltek i sesongklargjering, planting og liknande, medan resten kjem i Juni for å hjelpe til med innhaustinga. Dei siste reiser tilbake til heimlandet innan midten av oktober, etter at plasten er teken av tunnelane, og felta er klargjorte for vinter.

165

165 år med Hopperstad

 

Det er i 2024 165 år sidan Hopperstad-namnet kom til Vangstun gard og Vangsnes, frå Hopperstad i Vik, då Ole Jonsen Hopperstad flytta til Vangsnes og gifta seg med Ingeborg Sveinsdotter Dyrdal som var odelsjente på garden.

Det var far til Ingeborg Svein Dyrdal som flytta frå Dyrdal til Vangsnes, og kjøpte garden Vangstun.

Kommande arrangement

25

NOV

Haust / Julemarknad

 

Vi har stand på den årlege haust og julemarknaden til Vetløyri senter i Vik. I år er den planlagd til den 16. november, der vi vil stille med tilgjengelige produkt.

Vetløyri Senter, Vangsnesvegen 2, 6893 Vik i Sogn

16. November 2024, 11:00 - 15:00

Nyhende

Nyheit

 

Kom attende for siste nytt

Nyheit

 

Kom attende for siste nytt

Nyheit

 

Kom attende for siste nytt