I vårt gardsutsal vil du gjennom heile sesongen finne eit rikt utval av nyplukka frukt og bær frå vår eigen produksjon.
Så sant tida tillet det, vil vi by på eigenproduserte bakverk, kaker eller vaffler til besøkjande på Vangstun Gard, sjølvsagt basert på vår eigen produksjon.
Meir info om det vil bli lagt ut her etter kvart.
Vi produserer ein eigen serie med saft og syltetøy, under varemerket Vangstun. Desse produkta er å få kjøpt på garden, og i utvalde butikkar på Vestlandet.
Vi har ein del poteter sesongen 2024, som blir for sal utover hausten. Vi planlegg og med å ta opp at birøkt på garden i 2025, med eit lite tal bikuber, og kan då tilby honning og bivoks frå eigen produksjon.