Om

Vangstun Gard har vore i familien Hopperstad si eige sidan 1859.


Produksjonen på garden har alltid vore frukt og bær. Slik er det også er i dag, med jordbær, bringebær, bjørnebær, litt eple, og ein smak av plommer. Vi har og ein del poteter, sesongen 2024 har vi sortane Beate, Kerrs Pink, Peik og Blå Kongo.

 

Det meste av produksjonen av bær går til Bama som ferske bær, industribæra går til Tine, og litt frukt og bær blir nytta til  produksjon av eigne gardsprodukt.


I sesongen vil det være 12-15 tilsette, frå Polen og Thailand, der arbeidet består seg av klargjering og planting på våren, og plukking av bær i sesongen, som strekker seg frå tidleg juni til slutten av september.


Bærproduksjonen på Vangstun Gard foregår i tunnel, medan frukta framleis er på friland.


I 2025 blir det planta eit felt med moreller i tunnel, og eit lite felt med plommer i tunnel.

Vår gardshistorie

Ein liten dronetur rundt på Vangsnes.



1859

1926

1999

2006

Ole Johnsen Hopperstad gifter seg med odelsjenta Ingeborg Jonsdotter Dyrdal, og flyttar frå Hopperstad i Vik til garden Vangstun på Vangsnes.

Det blir bygd ny driftsbyggning og nytt våningshus på garden, medan det gamle våningshuset blir seld til bedehus.

Bedehuset blir kjøpt attende til garden, er delvis bygd om, og blir nytta til bustad for sesongarbeidarar på garden.

Det blir bygd nytt kårhus på garden, i polsk byggeteknikk av laftetømmer frå slovakia.

Huset sto ferdig hausten 2006, og blei nytta som våningshus fram til 2020, då Ola flytta inn i det opprinnelege gardshuset. Tømmerhuset blir no nytta som utleigebustad.

Kanskje legg vi etter kvart
ut meir info om våre tilsette

Ola Hopperstad

Eigaren sjølv

Mobil: 48996005